Mount Huckle

Mount Huckle
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Douglas Range
Topp Aleksanderøya
 •  høgd 2 500 moh.
 - koordinatar 69°38′S 69°48′W / 69.633°S 69.800°W / -69.633; -69.800
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Huckle
69°38′00″S 69°48′00″W / 69.633333333333°S 69.8°W / -69.633333333333; -69.8
Mount Huckle is located in Antarktis
Mount Huckle (Antarktis)

Mount Huckle er eit hovudsakleg isdekt fjell, 2500 moh, nær nordenden av Douglas Range aust på Aleksanderøya i Antarktis. Det ligg 11 km sør-søraust for Mount Spivey på vestsida av Toynbeebreen og 14,5 km innover frå George VI Sound.[1] Mount Huckle er det fjerde høgaste fjellet på Aleksanderøya.

Fjellet vart truleg først sett i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, men ikkje rekna som ein del av Aleksanderøya. Det vart fotografert frå lufta i 1936–37 av British Graham Land Expedition under John Riddoch Rymill, og kartlagd frå bakken i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Fjellet vart kalla opp etter Sydney R. Huckle, ein assistant ved Stonington Island, som hjelpte landmålarane frå FIDS på vestsida av George VI Sound i 1949.[1]

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet gnis

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne