Mr. Roboto Singel av Styx frå albumet Kilroy Was Here | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk, japansk | |
Utgjeve | 11. februar 1983 | |
Innspelt | 1982 | |
Sjanger | Progressiv rock,[1] synth-pop[2] | |
Lengd | 5:30 (album) 4:44 (singel) | |
Selskap | A&M | |
Komponist | Dennis DeYoung | |
Tekstforfattar | Dennis DeYoung | |
Låtskrivar(ar) | Dennis DeYoung | |
Produsent | Styx | |
Styx-kronologi | ||
«Rockin' the Paradise» (1981) |
Mr. Roboto | «Don't Let It End» (1983)
|
«Mr. Roboto» er ein song skriven av Dennis DeYoung for bandet Styx og gjeven ut på albumet Kilroy Was Here i 1983. Songen vart òg gjeven ut som den første singelen frå albumet med songen «Snowblind» (frå det førre albumet Paradise Theatre) som B-side. I Canada gjekk songen heilt til topps på den nasjonale RPM-lista.[3] I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard Hot 100 i april 1983.[4]
Musikkvideoen til songen var regissert av Brian Gibson, og syner Jonathan Chance (spelt av gitaristen Tommy Shaw) som går inn i Rock Museum for å møte Kilroy, og ein robot møter dei.[5]