Murmansk

Murmansk
Мурманск
by
Hamna i Murmansk.
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Oblast Murmansk
Høgd 46 m
Areal 168,14 km²
Folketal 267 422 (2023)
Grunnlagd 1916
 •  Bystatus 1916
Postnummer 183000–183075
Retningsnummer (+7)8152
Kart
Murmansk
68°58′00″N 33°05′00″E / 68.966666666667°N 33.083333333333°E / 68.966666666667; 33.083333333333
Wikimedia Commons: Murmansk

Murmansk (russisk Мурманск) er ein by på Kolahalvøya lengst nordvest i Russland, ikkje langt frå grensa til Noreg. Murmansk er den største byen nord for polarsirkelen og administrasjonssenter for Murmansk oblast. Byen er viktig med ei isfri hamn som gjev Russland fri tilkomst til Atlanterhavet, både sivilt og militært. Den russiske marinen har ein større flåte med atomubåtar i nabobyen Severomorsk. I sjølve Murmansk finst det ingen krigsskip.

Byen vart grunnlagd i 1916 og fekk namnet Romanov-na-Murman, men vart omdøypt til Murmansk etter oktoberrevolusjonen i 1917. Murman er det gamle namnet på Barentshavet og på nordmenn. I dag er Murmansk ein moderne by, men som framleis er prega av kontrastene mellom Sovjettida og vår tid. Murmansk ligg ut mot Barentshavet som har rike ressursar særleg innan fiskeri. På 2000-talet er det store planer for utbygging av naturgassfelt i området.

Byen er delt inn i tre hovuddistrikt; Leninskij, Oktjabrskij og Pervomajskij.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne