Musikal, også kalla musical og musikkteater, er ei dramaform som kombinerer song, dans og tala dialog.[1] Ho er nært slekta med opera og operette.[1] All musikk i ein musikal brukar vanlegvis å vere nedskrive i eit partitur (på engelsk score), medan replikkane finst i eit manus (på engelsk book).
Musikalar blir skrivne og spelte over heile verda, men teatera på Broadway i New York og i West End i London dominerer framleis.