Musikkgruppa Bis

Bis

Aktiv1994–
Sjangersynthpop, indiepop
PlateselskapChemikal Underground, Wiiija

Bis er ei skotsk indie pop-gruppe skipa i 1994[1] som består av Steven Clark (Sci-Fi Steven), John Clark (John Disco) og Amanda MacKinnon (Manda Rin). Namnet til gruppa, som rimar på «this», er avleidd frå «black iron skyline», ei linje frå songen «Twilight of a Champion» av The The.

Etter å ha gitt ut mange EP-ar og tre studioalbum, The New Transistor Heroes (1997), Social Dancing (1999) og Return To Central (2001), braut bandet opp i 2003, men kom saman att ei stund i 2007 for å halda ei rad konserter. I 2009 blei gruppa gjenoppretta att, og gav ut albumet data Panik etcetera (2014).

I 2019 gjekk bandet tilbake til dei opphavlege tre medlemmane sine og gav ut albumet Slight Disconnects. I 2021 gav det ut Low Level (A Return To Central Travel Companion), ein CD som bestod av tidlegare uutgjeve materiale som blei spelt inn under Return To Central-sesjonane. I oktober 2022 kom Systems Music For Home Defence ut, skildra av Sci-Fi Steven som «rave»-albumet til gruppa.

  1. «bis - Biography & History - AllMusic». Henta 29 October 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne