Boston | |||
Boston i 1977 | |||
Opphav | Boston i Massachusetts i USA | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1975 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Medlemmer | * Tom Scholz
| ||
Tidlegare medlemmer | * Brad Delp (død)
|
Boston er eit USA-amerikansk rockeband frå Boston, som var mest populære i 1970- og 1980-åra. Frontmannen og leiaren i bandet er Tom Scholz, som spelte dei fleste instrumenta sjølv på debutalbumet.[1] Dei mest kjende songane til Boston er «More Than a Feeling», «Peace of Mind», «Foreplay/Long Time», «Rock and Roll Band», «Smokin'», «Don't Look Back», «A Man I'll Never Be» og «Amanda». Bandet har selt meir enn 75 millionar plater verda over, inkludert 31 millionar album i USA, der 17 millionar av desse er av debutalbumet og sju millionar av det andre albumet, Don't Look Back, og det gjer Boston til ein av dei bestseljande artistane i verda.[2][3] Samla sett gav bandet ut seks studioalbum over ein karriere på 40 år. Boston vart rangert som det 63. beste hardrockbandet av VH1.[4]