Musikkgruppa Caravan

Caravan

OpphavCanterbury i Kent i England
Aktiv1968–1978, 1980–1985, 1990–1992, sidan 1995
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene, psykedelisk rock, jazzrock, progressiv pop
PlateselskapArista Records, Decca Records, Deram Records
MedlemmerPye Hastings
Geoffrey Richardson
Jan Schelhaas
Jim Leverton
Mark Walker
Tidlegare medlemmerRichard Coughlan
Richard Sinclair
Dave Sinclair
Steve Miller
Derek Austin
Stuart Evans
John G. Perry
Mike Wedgwood
Dek Messecar
Doug Boyle
Simon Bentall
Jimmy Hastings

Caravan er eit engelsk band frå Canterbury-området, skipa av dei tidlegare Wilde Flowers-medlemmane David Sinclair, Richard Sinclair, Pye Hastings og Richard Coughlan i 1968.[1] Bandet oppnådde aldri større kommersiell suksess, slik det var venta tidleg i karrieren deira, men dei er likevel rekna som ein viktig del av Canterbury scene med ei blanding av psykedelisk rock, jazz og klassisk musikk til ein særeigen stil innan progressiv rock.

Bandet var opphavleg basert i Whitstable i Kent, nær Canterbury, men flytta til London då dei for ei kort tid hadde kontrakt med Verve Records. Etter at dei vart droppa av Verve, signerte bandet for Decca Records, der dei gav ut det mest kritikarroste albumet sitt, In the Land of Grey and Pink, i 1971. Dave Sinclair slutta etter at dette albumet kom ut og bandet vart oppløyst året etter. Hastings og Coughlan la til nye medlemmar mellom anna bratsjisten Geoffrey Richardson, og dei heldt fram før dei vart oppløyst igjen i 1978.

Bandet har oppstått på ny fleire gonger dei neste tiåra, og er framleis aktive som eit konsertband, trass i at Coughlan døydde i desember 2013.

  1. Elder, Bruce. «Caravan Biography». AllMusic. Henta 20. april 2007. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne