Chicago | |||
![]() Chicago i 2004 (v–h): Howland, Pankow, Champlin, Parazaider, Imboden, Loughnane, Scheff og Lamm (bak Scheff) | |||
Alias | The Big Thing, The Chicago Transit Authority | ||
---|---|---|---|
Opphav | Chicago i Illinois i USA | ||
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Rock, softrock, jazzfusion, poprock, progressiv rock (tidleg) | ||
Tilknytte artistar | The Beach Boys, The Doobie Brothers, Earth, Wind & Fire, Sons of Champlin, Honk, Toto, America, Rufus | ||
Plateselskap | Columbia, Full Moon, Rhino, Balkanton (Bulgaria), Melodiya (Russland) | ||
Medlemmer | Robert Lamm Lee Loughnane James Pankow Walter Parazaider Jason Scheff Tris Imboden Keith Howland Lou Pardini Walfredo Reyes jr. | ||
Tidlegare medlemmer | Danny Seraphine Peter Cetera Terry Kath Laudir de Oliveira Donnie Dacus Chris Pinnick Bill Champlin Dawayne Bailey Drew Hester Daniel de los Reyes | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Chicago er eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1967 i Chicago. Dei skildra musikken sin som «rock and roll med blåsarar» og byrja som eit politisk ladd, stundom eksperimentelt, rockeband og flytta seg seinare til ein langt glattare stil, og skreiv mange hitballadar. Gruppa hadde ei rekkje hittar gjennom 1970- og 1980-åra. Av amerikanske band er det berre The Beach Boys som har hatt større suksess på Billboard-listene og er eit av dei lengstvarande og mest suksessrike rockebanda, og ei av dei mestseljande gruppene gjennom tidene med over 100 millionar selde plater.[1][2]
I følgje Billboard var Chicago den amerikanske gruppa som hadde flest singlar på lista i 1970-åra. Dei selde over 40 millionar album og singlar i USA og 23 album selde til gullplate, 18 til platina og 8 til multi-platina.[3][4] Gjennom karrieren har dei hatt fem album på toppen av albumlista i USA og 21 singlar inne på topp 10.