Gong | |||
![]() Gong på scenen i Tel Aviv, 31. oktober 2009 (venstre til høgre) Steve Hillage, Gilli Smyth, Chris Taylor, Dave Sturt, Daevid Allen | |||
Opphav | Paris i Frankrike | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1967-1968, 1969–1976, 1977, 1990, 1992–2001, 2003–2006, Sidan 2007 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar | Daevid Allen, Soft Machine, Pierre Moerlen's Gong, Steve Hillage, Here & Now | ||
Plateselskap | BYG Actuel, Virgin, Charly, Snapper |
Gong er ei internasjonal progressiv rock-gruppe som nyttar element av jazz og space rock i musikkstilen sin.[3] Gruppa vart skipa i Paris i 1967 av den australske musikaren Daevid Allen og den engelske vokalisten Gilli Smyth. Bandmedlemmar har mellom andre vore Didier Malherbe, Pip Pyle, Steve Hillage, Mike Howlett, Pierre Moerlen, Bill Laswell og Theo Travis. Andre som har spelt med Gong på scenen er mellom andre Don Cherry,[4] Chris Cutler, Bill Bruford, Brian Davison, Dave Stewart og Tatsuya Yoshida.
Debutalbumet til Gong, Magick Brother i 1970, hadde ein psykedelisk popstil.[5] Året etter gav dei ut Camembert Electrique med ei meir psykedelisk rock/space rock-stil, som dei kom til å bli mest assosiert med.[2] Mellom 1973 og 1974 gav Gong ut det mest kjende verket sitt, den allegoriske Radio Gnome Invisible-trilogien, som skildra eventyra til Zero the Hero, Good Witch Yoni og Pot Head Pixies frå planeten Gong.
I 1975 slutta Allen og Smyth i bandet, som heldt fram utan dei, og gav ut ei rekkje jazzrockalbum leia av trommeslagaren Pierre Moerlen. Denne inkarnasjonen vart etter kort tid kjend som Pierre Moerlen's Gong. Samstundes skipa Smyth Mother Gong, medan Allen sette i gang ei rekkje avleiarar, som Planet Gong, New York Gong og Gongmaison, før han kom attende for å leie Gong igjen i 1990 og fram til han døydde i 2015. Allen oppfordra bandet til å halde fram og dei gav ut albumet Rejoice! I'm Dead! i september 2016.[6]