My Friend Stan Singel av Slade frå albumet Old New Borrowed and Blue | ||
B-side |
My Town | |
---|---|---|
Utgjeve | 28. september 1973[1] | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | Polydor Records | |
Låtskrivar(ar) | Noddy Holder, Jim Lea | |
Produsent | Chas Chandler | |
Slade-kronologi | ||
«Skweeze Me, Pleeze Me» (1973) |
My Friend Stan | «Merry Xmas Everybody» (1973)
|
«My Friend Stan» (skrive «MY FRIEИD STAИ») er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1973 som den første singelen frå det fjerde studioalbumet deira, Old New Borrowed and Blue.[2] Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Songen nådde andreplassen på den britiske singellista og låg åtte veker inne på lista.[3] Singelen selde til sølvplate i Storbritannia i oktober 1973.[4]
«My Friend Stan» var i lag med samleplata Sladest den første utgjevinga til Slade etter den nesten dødelege bilulykka til trommeslagaren Don Powell i juli 1973.[5]
B-sida til songen var «My Town», som seinare kom ut som eit albumspor på Old New Borrowed and Blue.[6]
Det vart filma ein musikkvideo for å marknadsføre singelen, som vart spelt inn i Olympic Studios i Barnes. Videoen syner bandet som speler inn songen.[7][8] I Storbritannia framførte bandet songen på musikkshowet Top of the Pops. I Frankrike framførte dei songen på TV-showet Dimanche Salvador og i Amerika framførte dei han på TV-showet Midnight Special i 1974.[9]