My Generation Singel av The Who frå albumet My Generation | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve |
| |
Innspelt | 13. oktober 1965 | |
Studio | IBC Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:18 | |
Selskap | ||
Komponist | Pete Townshend | |
Tekstforfattar | Pete Townshend | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Who-kronologi | ||
«Anyway, Anyhow, Anywhere» (1965) |
My Generation | «Substitute» (1966)
|
«My Generation» er ein song av det engelske rockebandet The Who. Songen vart ein stor hit og er ein av dei mest kjende songane deira. Songen vert ofte trekt fram som ein av dei største rockesongane gjennom tidene, og vart av musikkmagasinet Rolling Stone rangert på 11. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene og på 13. plass på VH1 si liste over dei 100 største rockesongane.[5] Songen er òg ein av del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll, og han er innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2009 vart han rangert på 37. plass av VH1 på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.[6]
Songen er skriven av Pete Townshend i 1965 for den opprørske britiske ungdomsrørsla kalla mods. Songen uttrykte kjensla om at eldre folk «rett og slett ikkje forstår kva det handlar om».
Songen vart gjeven ut som singel 5. november 1965 og nådde andreplassen i Storbritannia og 74. plas i USA.[7] «My Generation» vart òg gjeven ut på debutalbumet deira i 1965, My Generation (The Who Sings My Generation i USA) og finst i ein kraftig utvida versjon på konsertalbumet Live at Leeds (1970). The Who spelte songen inn att på ny for EPen Ready Steady Who! i 1966, men denne versjonen vart først gjeven ut i 1995 på den nymastra utgåva av A Quick One. Den største skilnaden mellom desse to versjonane er at i staden for feedbackavsluttinga på originalen, endar den nye utgåva i ei kaotisk utgåve av Edward Elgar sin «Land of Hope and Glory».