Mygg | |
Mange stankelbeinartar er store og har myggliknande utsjånad. Det bakarste vengeparet er omdanna til to svingkøller som fungerer som balanseorgan under flyginga. | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Underklasse: | Flygande insekt Pterygota |
Infraklasse: | Neoptera |
Orden: | Tovenger Diptera |
Underorden: | Mygg Nematocera Duméril, 1805 |
Myggar (Nematocera) er ei gruppe av tovengene (Diptera), der den andre gruppa er fluger. Myggar skil seg frå flugene ved at dei har meir enn fire ledd i følehorna. Insekta er mellom 1,8 og cirka 50 millimeter lange.
Det er skildra over 33 000 nolevande artar i verda; over 2 000 artar av dei finst i Noreg i 29 familiegrupper. I tillegg er det skildra svært mange utdøydde grupper og artar ut frå funn i rav eller som fossil.
Det er berre nokre få artar som stikk eller bit. Dei fleste artar er harmlause. I daglegtale er «myggar» det same som stikkemyggar, men denne gruppa utgjer berre ein liten del av alle myggar.