Myrlik, òg kalla moselik, er naturlege mumifiserte menneskelik (eller parter av menneskelik) frå gamal tid som er funne i myrer i Nord- og Vest-Europa[1]. Fleire av myrene har hatt ein særs god konserverande effekt på lika, og mange av dei har vore i så god stand at finnarane varsla politiet av di dei rekna med at det var tale om ei drapssak. Til dømes vart politiet varsla då myrliket Tollundmannen kom for dagen i 1950 under torvtaking i ei myr i nærleiken av byen Silkeborg på Jylland i Danmark.
Ettersom så mange av desse funna er gjorde i danske myrar, er nemninga moselik, etter det danske ordet for myr, mose, ofte nytta om slike funn i norsk fagleg samanheng òg.
Det er funne myrlik i Nederland, Nordvest-Tyskland, Jylland i Danmark, Storbritannia og Irland. Myrlika er hovudsakleg frå jarnalderen, men òg frå eldre og yngre periodar. Til dømes er det svenske myrliket Bocstensmannen frå Bockstens Mosse i Halland (aust for Varberg) tidfesta til mellomalderen, gjort fast til myra med trepålar gjennom kroppen i tida mellom 1350 og 1370[2]. Nokre av myrlika kan sjølvsagt vere resultatet av ulukker eller av illgjerningar i gamal tid. Men mange av dei er dekte til og plasserte slik i myra at det tyder på at avrettinga og nedlegginga i myra har skjedd rituelt, som til dømes som ei ofring til maktene og/eller som straff for brotsverk. Stundom er dei døde heilt eller nesten nakne, og som oftast har dei vorte lagt i myra etter ei brutal handsaming, anten under avrettinga eller etterpå. Krania kan vere knuste, strupane skorne over, armer eller bein avbrotne eller knuste, og i nokre døme syner spor og restar etter reip eller reimar rundt halsen på liket at det har skjedd ei avretting ved henging eller stryping. Både menn, kvinner og barn har møtt lagnaden sin på dette viset.[3]