Mytografi (frå gresk μυθογραφία mythografia, 'skriving av fablar'[1]) er samling og gjengjeving av mytar i kunst og litteratur.[2]
Samlingar av mytar krev ein del feltarbeid, og målet kan vera å skape noko av verdi for kulturantropologi, religiøse studium, eller ein myteteori framfor berre å samle råmateriale som blir omforma i ein kunstnarisk samanheng. Ein mytologist er i ein streng definisjon ein som samlar mytar.