NRK Super

Logoen til NRK Super på ein ballong.

NRK Super er eit tilbod frå NRK for born mellom to og tolv år. Tilbodet består av ein DAB-kanal, daglege fjernsynssendingar og ein nettportal for barn. TV-kanalen til NRK Super starta den 1. desember 2007. Kanalen deler kanalplass med NRK3 ved at NRK Super har fjernsynssendingar frå klokka 07.00 til klokka 19.00, då NRK3 tar over.

NRK Super viser alle typar fjernsynsprogram for barn frå 2-12 år, men nokre program passar også for dei litt eldre. Det vil og bli gjensyn med fleire gamle, kjende figurar som Bjørnen Theodor, Pernille og Mr. Nelson, Pelle Parafins Bøljeband, og Brødrene Dal.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne