Nablus

Nablus
نابلس, שכם
by
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°13′13″N 35°16′44″E / 32.22028°N 35.27889°E / 32.22028; 35.27889
Areal 28,6 km²
Folketal 126 132  (2007)[1]
Grunnlagd 72
 •  Bystatus 1995
Borgarmeister Ghassan Shakaa[2]
Kart
Nablus
32°12′58″N 35°15′58″E / 32.216111111111°N 35.266111111111°E / 32.216111111111; 35.266111111111
Kart som viser Nablus.
Kart som viser Nablus.
Kart som viser Nablus.
Wikimedia Commons: Nablus
Nettstad: www.nablus.org

Nablus (arabisk نابلس, Nābulus, hebraisk שכם Šəḵem, Bibelen Sikem, gresk Νεάπολις, Νeapolis) er ein by nord på Vestbreidda, kring 49 km nord for Jerusalem,[3] med eit folketal på 126 132.[1] Han ligg strategisk til mellom Ebal og Gerisim, og er det administrative senteret i Nablus guvernement og eit palestinsk senter for handel og kultur.

Han vart grunnlagd av den romerske keisaren Vespasian i 72 evt. som Flavia Neapolis, og har vore underlagt mange rike gjennom den nesten 2000 år lange historia. På 400- og 500-talet førte konflikt mellom dei kristne og samaritanske innbyggjarane i byen til ei rekkje samaritansk opprør mot det bysantinske styret, før valden roa seg i 529 evt. Folketalet hadde då minka drastisk i byen. I 636 vart Neapolis, i lag med det meste av Palestina underlagt det islamske arabiske kalifatet til Umar ibn al-Khattab; og fekk det arabifiserte namnet Nablus. I 1099 tok krossfararane kontroll over byen i litt mindre enn eit hundreår, og etterlet seg ei blanding av muslimske, kristne og samaritanske innbyggjarar. Etter at Saladin og ajjubidane tok kontroll over det indre av Palestina i 1187, vart det islamske styret gjeninført, og dette heldt fram under mamelukkane og osmanarane som følgde.

Etter Nablus vart ein del av Det osmanske riket i 1517, vart Nablus senteret i Jabal Nablus-distriktet. I 1657, etter ei rekkje opprør, vart fleire arabiske klanar frå nord og aust i Levanten sende til byen for å gjeninnføre osmansk autoritet, og lojaliteten til desse jaga bort dei som prøvde å utfordre makta til osmanarane i regionen, som Daher el-Omar på 1700-talet, og Muhammad Ali, som ei kort stund styrte i Nablus—på 1800-talet. Då det osmanske styret endeleg vart sikra att i 1841 blømde Nablus som eit handelssenter.

Etter at byen vart tapt til dei britiske styrkane under fyrste verdskrigen, vart Nablus ein del av Palestinamandatet i 1922, og seinare meint å vere ein del av den arabiske staten i Palestina etter delingsplanen til SN frå 1947. Under den arabisk-israelske krigen i 1948, vart byen erobra og okkupert av Transjordan, som sidan annekterte området, fram til det vart okkupert av Israel under seksdagarskrigen i 1967.

I dag er folkesetnaden hovudsakleg muslimsk, med små minoritetar av kristne og samaritanar. Sidan 1995 har byen vorte styrt av Den palestinske sjølvstyresmakta. I Gamlebyen er det fleire arkeologiske bygg, som spenner frå det første hundreåret til 1300-talet. Byen er kjend for sin kanafeh, ei populær søtsak i Midtausten, og for såpeindustrien.

  1. 1,0 1,1 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS).
  2. Abdullah H. Erakat, Nablus Handicrafts Project Aims for Regional Turisme The Medialine, 24. februar 2014
  3. «Avstand Calculator». Stavenger, Noreg: Time and Date AS. 2013. Henta 23. september 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne