Nadir's Big Chance Studioalbum av Peter Hammill | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. februar 1975 | |
Innspelt | 1. til 7. desember 1974 | |
Studio |
| |
Sjanger | Progressiv rock, garasjerock, proto-punk, kunstrock | |
Lengd | 48:24 | |
Selskap | Charisma | |
Produsent | Peter Hammill | |
Peter Hammill-kronologi | ||
---|---|---|
In Camera (1974) |
Nadir's Big Chance | Over (1977)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Sounds | (positiv)[2] |
Tentative Reviews | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Nadir's Big Chance er det femte studioalbumet til den engelske musikaren Peter Hammill, gjeve ut på Charisma Records i 1975.
Det vart spelt inn kort tid etter avgjersla om å starte opp att bandet Van der Graaf Generator (der Hammill var songar og fremste låtskrivar) og Nadir's Big Chance er faktisk spelt inn av besetninga i Van der Graaf Generator.
Stilen på songane på albumet varierer mykje, som Hammill sjølv skriv i notata i plateomslaget, der han kallar dei «kjøtfulle punksongar, tårevåte balladar og spankluerande soul».
I ei radiosending i 1977 på Capital Radio spelte John Lydon frå Sex Pistols to av songane frå albumet, «The Institute Of Mental Health, Burning» og «Nobody's Business», og uttrykte ovundring for Hammill.[4]
Albumet inneheld to av dei mest framførte balladane til Hammill, «Been Alone So Long» (skriven av Judge Smith) og «Shingle Song», ei omarbeidd utgåve av den første singelen til Van der Graaf Generator frå 1968, «People You Were Going To».
Det var første gongen Hammill brukte eit Hohner clavinet D6-piano, som han kom til å bruke mykje på dei neste Van der Graaf Generator-albuma (særskild Godbluff).
På songen «Pushing Thirty» (frå The Future Now, 1978) hevdar Hammill at han «framleis kan vere Nadir». Rikki Nadir-personen dukka opp att i oktober 1979 då Hammill gav ut singelen «The Polaroid» under dette namnet, med «The Old School Tie» frå pH7 som B-side. Denne kom ut på somme amerikanske utgåver av pH7.
«Been Alone So Long» vart omarbeidd for Hammill-albumet The Love Songs frå 1984.