Narkoman er eit forelda og nedsetjande ord om menneske med rusmiddelavhengnad.[1] Ordet er avleidd frå gresk narke ('stivleik, lamming, kjensleløyse') og -mania, 'mani'.[2]
Verdsorganisasjonen for helse (WHO) og det norske Helsedirektoratet tilrår å bruka uttrykk som «person med rusmiddelproblem» eller «person som er rusmiddelavhengig».[1] I daglegtale blir dette ofte forkorta til «rusavhengig» eller helst «rusmiddelavhengig» (det er ikkje rus som blir brukt, men rusmiddel).[1]
Eit nasjonalt forskingsprosjekt viser at nær halvparten av dei etterlatne etter narkotikarelaterte dødsfall har opplevd nedsetjande kommentarar om avdøde, og dessutan hadde 26 prosent av dei etterlatne høge symptom på forlengd sorg. Mange opplyser om å kjenna seg stigmatisert.[3]
Ordet «narkoman» har inspirert andre ord som gjeld ei overdriven tiltrekking til noko, som «arbeidsnarkoman» og «treningsnarkoman».[2]