Narkotika[a] er eit juridisk fellesnamn for illegale rusmiddel, også kjent som ulovlege rusmiddel. Det vert definert som ulovlege, rusgivande substansar.[3] Kva rusmiddel som vert kategoriserte under narkotikaomgrepet og om desse kan gi straffereaksjonar ved bruk og besittelse varierer mellom land.[4][5]
Ettersom «narkotika» er ei fellesnemning for alle illegale rusmiddel, omfattar omgrepet middel med svært ulik farmakologisk verknad. Rusmiddel kan delast inn i underkategoriane euforiserande, døyvande, sentralstimulerande og psykedeliske middel.
Aukande og skadeleg bruk av rusmiddel frå siste halvdel av 1800-talet førte til at det på byrjinga av 1900-talet vart innført ei narkotikalovgiving – forbod og straff mot rekreasjonell rusmiddelbruk, altså berre medisinsk bruk skulle vera tillate. Dei første rusmidla som vart kriminaliserte var opiat og kokain,[6] forbodet vart seinare utvida til dei fleste rusmiddel med unntak av koffein, nikotin og etanol (alkohol).[b]
Ei liberalisering av rusmiddelpolitikken byrja mot slutten av 1900-talet og er pågåande på 2000-talet. Dei mest omtalte døma er Nederland som avkriminaliserte cannabis i 1976,[10] og Portugal som i 2001 vart det første europeiske landet til å avkriminalisera bruk og innehaving av alle rusmiddel, og dessutan gi tilbod om helsebehandling til personar med rusmiddelavhengnad utan å gi dei straffereaksjonar.[11][12]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne