Nashville Skyline Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. april 1969 | |
Innspelt | 12. til 21. februar 1969 | |
Sjanger | Countryrock, country | |
Lengd | 27:14 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Johnston | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
John Wesley Harding (1967) |
Nashville Skyline | Self Portrait (1970)
|
Singlar frå Nashville Skyline | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Chicago Tribune | ![]() ![]() ![]() ![]() |
MusicHound Rock | 3.5/5[3] |
The Rolling Stone Album Guide | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Nashville Skyline er det niande albumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i april 1969.
Albumet markerte ei stor endring for Dylan, som tidlegare var kjend for banebrytande, poetisk folkemusikk og rock'n'roll. Nashville Skyline, bygde vidare på den landlege stilen han eksperimenterte med på John Wesley Harding, og heile albumet er i countrystil. Albumet har eit meir grunnleggande tema, enkle songstrukturar og ei sjarmerande husleg kjensle. Dylan syng songane med ei heilt anna stemme enn han tidlegare nytta, langt mjukare og kjenslemessig.
Resultatet vart stort sett positive reaksjonar frå kritikarane og det vart ein kommersiell suksess. Albumet nådde tredjeplassen i USA og var det fjerde albumet til Dylan som gjekk til topps i Storbritannia. I Noreg nådde albumet andreplassen og låg 27 veker inne på lista.