Nasjonalepos er eit episk dikt eller eit litterært verk av episk storleik som søkjer eller er anteke å fanga og uttrykkja essensen eller ånda til bestemd nasjon; ikkje naudsynlegvis ein nasjonalstat, men i det minste ei etnisk eller språkleg gruppe. Nasjonale epos uttrykkjer ofte opphavet til ein nasjon, ein del av opphavet til nasjonen, eller eit kritisk eller avgjerande augneblunk eller hending i utviklinga av den nasjonale identiteten, og fungerer då som nasjonale symbol. I ei breiare meining er nasjonalepos berre eit epos på nasjonalspråk som folket eller leiarane til folket er særskilt stolte av.