Natalie Cole | |||
Cole i 2007 | |||
Fødd | 6. februar 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles i California i USA | ||
Død | 31. desember 2015 (65 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | Natalie Maria Cole | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1956–2015 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Vokal | ||
Stemmetype | mezzosopran | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som |
| ||
Mor | Maria Cole | ||
Far | Nat King Cole | ||
Prisar | Grammy Award for beste nye artist, MusiCares Person of the Year, Grammy Award for Best Traditional Pop Vocal Album, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Ladies' Home Journal Women of the Year, Ellis Island Medal of Honor |
Natalie Maria Cole (6. februar 1950–31. desember 2015) var ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og skodespelarinne. Ho var dotter av den amerikanske songaren og jazzpianisten Nat King Cole. Ho fekk suksess på midten av 1970-talet som R&B-songar med hitane «This Will Be», «Inseparable» (1975) og «Our Love» (1977). Ho vende tilbake som popsongar på albumet Everlasting frå 1987 og versjonen hennar av Bruce Springsteen sin «Pink Cadillac». På 1990-talet song ho tradisjonell pop av far sin, noko som resulterte i hennar største suksess, Unforgettable... with Love, som selde over sju millionar eksemplar og gav henne sju Grammyprisar. Ho selde over 30 millionar plater på verdsbasis.[1]