National Weather Service (NWS) er ein av dei seks vitskaplege direktorata i den amerikanske etaten National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA). NWS har til oppgåve å skaffe meteorologiske, hydrologiske og klimatiske utrekningar og åtvaringar for USA og områda til landet og tilstøytande havområde for å verne liv og eigedom og fremje den nasjonale økonomien.
Dette blir oppnådd gjennom eit nettverk av nasjonale og regionale senter, og over 120 lokale vêrvarslingskontorer. Sidan NWS er eit offentleg direktorat, er dei fleste tenestene gratis tilgjengeleg.