Naturfiber

Mikroskopbilde av ull.
Foto: Luigi Visonà

Naturfiber er fiber av plante- eller dyreopphav. Botanisk fiber er langstrekte planteceller, anten vedfiber eller bastfiber. Zoologiske naturfiber er pattedyrhår eller trådar framstilt av insekt eller edderkoppdyr.

Blant botaniske naturfiber har vi til dømes bomull, lin, hamp, jute, ami, kokos, manila, raffia, sisal.[1] Animalske fiber er til dømes ull eller pelshår av sau, kasjmir, mohair, angora, alpakka, lama, alpakka , kamel og jak. Silke er framstilt av silkeormar, eit insekt. Edderkoppar lagar spindelvev og trådar som også er naturfiber, sjølv om dei sjeldan blir brukte av menneske.

Stor husedderkopp kan laga sine eigne naturfiber, men har her også teke i bruk kokosfiber til reiret sitt.
  1. Tekstilleksikon, arkivert frå originalen 1. juli 2009, henta 29. januar 2010 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne