Ein kan dele inn arealet av Chile i fem ulike naturlege regionar etter naturgjevne skilnader. Fordi Chile er langstrekt frå nord mot sør, frå eit punkt omtrent 625 kilometer nord for steinbukken sin vendekrins til eit punkt som knapt er meir enn 1400 kilometer nord for Den antarktiske polarsirkelen, finn ein eit breitt utval av jordas klima innanfor territoriet til Chile.
I 1950 definerte Corporación de Fomento de la Producción i Chile, etter kriterium for geografisk og økonomisk homogenitet, seks regionar i det kontinentale Chile: Norte Grande, Norte Chico, Núcleo Central, Concepción y La Frontera, Los Lagos og Los Canales.[1]
Sjølv om denne territoriale inndelinga aldri vart brukt til å definere administrative einingar, slik som dei noverande regionane i Chile, held dei naturlege regionane fram med å bli brukte til referanseføremål.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet corfo