Negev | |||
ørken | |||
Ein Avdat i Zindalen i Negev
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sør | ||
Del av | Israels land | ||
Koordinatar | 30°30′00″N 34°55′01″E / 30.500°N 34.917°E | ||
Areal | 13 000 km² | ||
![]() Negev 30°30′00″N 34°55′00″E / 30.5°N 34.916666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Negev |
Negev (hebraisk הַנֶּגֶב, han-Néḡeḇ ; arabisk النقب, al-Naqab) er ein ørken og halvørken sør i Israel. Den største byen og det adminsitrative senteret i regionen er Beer Sheva (196 000 innb.) i nord. I sørenden ligg Akababukta og feriebyen Eilat. Fleire byar under utvikling ligg i ørkenen, som Dimona, Arad og Mitzpe Ramon, i tillegg til fleire små beduinske byar, som Rahat og Tel as-Sabi. Her finst òg fleire kibbutzar, som Revivim og Sde Boker; sistnemnde vart heimstaden til den første statsministeren i Israel, David Ben-Gurion, etter han pensjonerte seg.
Ben-Gurion universitet i Negev ligg i ørkenen med fakultet som Jacob Blaustein institutt for ørkenforsking og Albert Katz internasjonale skule for ørkenstudiar, begge i Midreshet Ben-Gurion ved Sde Boker.
I oktober 2012 kåra reisebokforlaget Lonely Planet Negevørkenen som det nest beste reisemålet i regionen i 2013 og noterte seg den pågåande utviklinga av området.[1][2]