Nes og Hidra kommune

Nes og Hidra kommune
stad
Land  Noreg
Kart
Nes og Hidra kommune
58°13′28″N 6°34′43″E / 58.22444444°N 6.57861111°E / 58.22444444; 6.57861111

Nes og Hidra kommune (Hitterø og Næs formanskabsdistrikt) var ein kommune i Vest-Agder fylke (då Lister og Mandal Amt), oppretta i 1837 og avvikla i 1893.[1]

Utsyn nordover frå Andabeløy

Området utgjer no ytre delane av dagens Flekkefjord kommune, det vil seie kyrkjesokna Hidra og Flekkefjord (då Nes sokn), unnateke Flekkefjord by, som var eige formannskapsdistrikt. Kyrkjesoknet Nes hadde namn etter garden Nes, som har vore kyrkjestad for området sidan mellomalderen. Det var på Nes ladestaden, kjøpstaden og byen Flekkefjord etter kvart voks fram, og då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 hamna området som før var garden Nes og Nes kyrkje (sidan Flekkefjord kyrkje) i Flekkefjord formannskapsdistrikt, medan resten av Nes sokn vart lagt til Nes og Hidra formannskapsdistrikt.[2]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Juvkam
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NG

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne