Nese | |||
stad | |||
Arnafjord kyrkje på Nese
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vik | ||
Postnummer | 6893 VIK I SOGN | ||
Preposisjon | på Nese | ||
Ferdselsårer | Fv92 | ||
![]() Nese 61°01′07″N 6°23′09″E / 61.0186°N 6.38583°E |
Nese er ei bygd på vestsida av Arnafjorden i Vik kommune i Vestland. Staden ligg 25 kilometers køyring frå kommunesenteret Vik, og har vegsamband dit via Fv92.
Nese er ei jordbruksbygd og var tidlegare eit sentrum i Arnafjorden, med butikk, dampskipskai og post. Desse tenestene er no nedlagde eller flytte. Postkontoret hadde hadde postnummer og -namn 5912 ARNAFJORD, og vart nedlagt i 1978.[1] Soknekyrkja i Arnafjord sokn, Arnafjord kyrkje, står på Nese og staden har vore kyrkjestad sidan 1600-talet. Den noverande kyrkja er den andre på staden og vart innvigd i 1880.[2] Bygda har også ungdomsshus.
Ungane i området går på Valsvik skule i bygda Framfjorden. I Framfjorden er det også barnehage og den næraste daglegvarebutikken.