New! Improved!

New! Improved!
Studioalbum av Blue Cheer
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1969
Innspelt 1969
Studio Amigo, North Hollywood, California
Sjanger
Lengd 31:25
Selskap Philips
Produsent Milan Melvin
Blue Cheer-kronologi 
Outsideinside
(1968)
New! Improved! Blue Cheer
(1969)


New! Improved! er det tredje studioalbumet til den amerikanske rockegruppa Blue Cheer. Det kom ut mars 1969 på Philips Records, og var det første albumet deira utan den originale gitaristen Leigh Stephens. Albumet inneheld låtar spelt inn av to ulike gruppebesetningar: i tillegg til bassist og vokalist Dickie Peterson og trommeslagaren Paul Whaley, inkluderer side éin Bruce Stephens (ikkje i slekt med Leigh) på gitar og Burns Kellogg på klaverinstrument, medan side to inkluderer Randy Holden på gitar og vokal.[1]

Dei to besetningane bidreg med svært ulikt materiale. Med Holden ligg tilnærminga nærare den tidlegare psykedeliske hardrocken på Blue Cheer-albuma; med Kellogg og Peterson utforskar dei meir diskré bluesrock og countryrock.[2] I motsetning til på dei tidlegare albuma speler Peterson ei mindre rolle. Holden skreiv og syng låtane på side to, medan Kellogg og Stephens bidreg med det meste av materialet på side éin.

New! Improved! var litt meir vellykka enn førre albumet deira, Outsideinside, og nådde 84. plassen på albumlista Billboard' 200.[3] Singelen «West Coast Child of Sunshine», med «When It All Gets Old» på baksida, vart gitt ut, men nådde ikkje hitlistene. Albumet har vorte gitt ut på nytt fleire gonger, og ei utgiving frå 1994 på Repertoire Records inkluderer to songar som først vart gitt ut i 1969 på ein singel som ikkje var ein del av albumet. Holden-komposisjonane «Peace of Mind» og «Fruit & Icebergs» er å finna på fleire Blue Cheer-samleplater, som t.d. Louder Than God: The Best of Blue Cheer (1986)[4] og The History of Blue Cheer – Good Times Are So Hard to Find (1988).[5]

  1. New! Improved! (Album notes)|format= requires |url= (hjelp). Blue Cheer. Philips Records. 1969. Back cover. PHS-600-305. 
  2. {Deming, Mark. «Blue Cheer: New! Improved! – Melding». AllMusic. Henta 5. juli 2023. 
  3. «Blue Cheer Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 15. mars 2020. 
  4. Anderson, Jason. «Blue Cheer: Louder Than God: The Best of Blue Cheer – Review». AllMusic. Henta 24. mars 2020. 
  5. Jeffries, Vincent. «Blue Cheer: Good Times Are So Hard to Find – Review». AllMusic. Henta 24. mars 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne