New Horizons

Illustrasjon av New Horizons som passerer Pluto
New Horizons vert skoten opp frå Cape Canaveral
Data frå to kamera ombord på New Horizons vart sette saman til dette biletet av Pluto
Jupitermånen Europa bak randa til Jupiter fotografert av New Horizons

New Horizons er ein NASA-sonde på veg utover i det ytre solsystemet etter å ha vitja dvergplaneten Pluto. Den 478 kg tunge sonden vart skoten opp 19. januar 2006 og vart det fyrste romfartøyet til å passera Pluto og månane rundt. Etter plutopasseringa vil ein freista å passera eitt eller fleire kuiperbelteobjekt.

Den 28. februar 2007 passerte sonden Jupiter og returnerte detaljerte bilete av planeten og månane. New Horizons nådde Pluto 14. juli 2015, og vil verta den femte romsonden til å forlata solsystemet.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne