New Killer Star

New Killer Star
Singel av David Bowie
frå albumet Reality
B-side

Love Missile F1-11

Utgjeve 29. september 2003
Innspelt Looking Glass Studios, New York City
Sjanger Alternativ rock
Lengd 4:40 (albumversjon)
3:43 (radioutgåve)
Selskap Columbia/ISO Records
COL 674275 9
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«I've Been Waiting for You»
(2002)
New Killer Star «Never Get Old»
(2003)


«New Killer Star» er ein song skriven og framført av David Bowie i 2003 for albumet Reality. Dette var den første singelen frå albumet og den einaste gjeven ut berre på DVD, bortsett frå i Italia og Canada. Eit kjent band får Nederland er kalla opp etter denne songen.

Som med mange Bowie-songar er det uklårt kva songen handlar om, sjølv om teksten inneheld nokre vage referansar til livet i New York etter 9/11. Musikkvideoen, regissert av Brumby Boylston frå National Television, fortel ei surrealistisk soge ved hjelp av linseforma-postkortbilete av eit romskip som nesten styrtar i USA.

Gerry Leonard nyttar ein EBow til å spele den gjentakande gitarbiten gjennom heile songen.

B-sida til singelen var ein coverversjon av Sigue Sigue Sputnik sin «Love Missile F1-11».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne