Nick Simper | |||
| |||
Fødd | 3. november 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Norwood Green, Southall, Middlesex i England | ||
Fødenamn | Nicholas John Simper | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1957 til i dag | ||
Sjanger | Rock, hardrock, heavy metal, progressiv rock | ||
Instrument | Bass, vokal, gitar | ||
Tilknytte artistar | Johnny Kidd & The Pirates, The Flower Pot Men, Lord Sutch's Savages, Deep Purple, Warhorse | ||
Verka som | Musikar |
Nicholas John Simper (fødd 3. november 1945) er ein engelsk bassgitarist, mest kjend som den første bassisten i Deep Purple.[1] Simper medverkar på dei tre første albuma til bandet.
Før han var med på å starte Deep Purple i 1968, spelte Simper med ei rekkje band inkludert The Renegades (1960–61), The Delta Five (1961–63), Some Other Guys (1963–64), Buddy Britten & The Regents som seinare skifta namn til Simon Raven Cult (1964–66), Johnny Kidd and The Pirates som seinare vart til Pirates (1966–66) og The Flower Pot Men (1967–68), der han spelte saman med Jon Lord. Han samarbeidde òg med Lord Sutch's Savages der han spelte saman med Ritchie Blackmore.
Simper fekk sparken i Deep Purple i 1969 på grunn av musikalske usemjer. Han har etter tida i Deep Purple spelt med Marsha Hunt, han medverkar på eit konsertalbum med Lord Sutch og har vore medlem av følgjande band: Warhorse, Nick Simper's Dynamite (1975), Flying Fox (1977–84), Nick Simper's Fandango (1977–83), Quatermass II (1994–97) og er for tida medlem i bandet The Good Old Boys (1985- ). Han har òg spelt ei rekkje konsertar i 2009 og 2010 saman med Nasty Habits under tittelen The Deep Purple Mk I Songbook, der dei spelar songar frå dei tre første albuma til Deep Purple.