Niels Henrik David Bohr (7. oktober 1885–18. november 1962) var ein dansk fysikar som har gjeve avgjerande bidrag til forståinga av atomet sin struktur og utviklinga av kvantemekanikken. Niels Bohr fekk Nobelprisen i fysikk i 1922. Eit bilete av han pryder den danske femhundrekronesetelen i serien frå 1997.