Niels Henrik Abel | |||
![]() Niels Henrik Abel (1802-1829) | |||
Fødd | 5. august 1802 Finnøy | ||
---|---|---|---|
Død | 6. april 1829 Froland | ||
Bustad | Noreg | ||
Nasjonalitet | Norsk | ||
Område | gruppeteori, kalkulus, matematikk, funksjonalanalyse, elliptisk funksjon, algebraisk likning, abelsk gruppe, Abelprisen | ||
Yrke | matematikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Det Kongelige Frederiks universitet | ||
Alma mater | University of France Oslo katedralskole | ||
Kjend for | Abel-funksjonen Abel-gruppe Abel-teoremet | ||
Sambuar | Christine Kemp | ||
Medlem | Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab |
Niels Henrik Abel (fødd 5. august 1802 på Finnøy i Ryfylke, død 6. april 1829 på Frolands verk i Aust-Agder) var ein norsk matematikar.
Saman med Sophus Lie blir Abel rekna som den fremste norske matematikaren på 1800-talet, og dei to er òg dei mest respekterte norske matematikarane gjennom alle tider. Innanfor matematikken har han framleis eit stort namn internasjonalt. Han er kanskje mest kjend for å ha bevist at den generelle femtegradslikninga ikkje kan løysast med dei elementære rekningsartane addisjon, subtraksjon, multiplikasjon, divisjon og rotutdraging, men òg for bidraget til gruppeteorien der han har fått oppkalla ein stor klasse grupper etter seg, nemleg Abelske grupper.