Nimrod-ekspedisjonen (engelsk: The British Antarctic Expedition 1907–09, allment kjent som Nimrod Expedition) var den første av tre ekspedisjonar Ernest Shackleton leia til Antarktis. Hovudmålet var å bli først til å nå Sørpolen, i tillegg hadde ekspedisjonen ei rekkje geografiske og andre vitskaplege formål. Ekspedisjonen nådde 88° 23' sørleg breidde, til då det sørlegaste punktet nått av menneske og berre 97 nautiske mil (180 km) frå Sørpolen.[n 1] Ekspedisjonen var den første til å klatre Mount Erebus, den nest høgaste vulkanen i Antarktis, og ei separat gruppe leia av den walisisken-australske geologen og professoren Edgeworth David nådde den berekna posisjonen for den magnetiske sørpolen.
Nimrod-ekspedisjonen fekk verken statleg eller institusjonell støtte, og vart avhengig av private lån og bidrag frå einskildpersonar. Han vart difor hemma av finansielle problem, og førebuingane vart forsert. Skipet til ekspedisjonen, «Nimrod», var under halve storleiken av «Discovery» som Robert Falcon Scott hadde brukt på Discovery-ekspedisjonen 1901–04, og mannskapet til Shackleton mangla relevant røynsle. Det oppstod ei usemje med Scott på grunn av avgjersla til Shackleton om å leggje basen for ekspedisjonen nær det gamle hovudkvarteret til Scott ved McMurdo-sundet, i strid med ein lovnad til Scott om ikkje å gjere det. Sjølv om ekspedisjonen i utgangspunktet heldt ein mykje lågare profil enn ekspedisjonen til Scott seks år tidlegare, trekte resultata seg landsomfattande interesse og gjorde Shackleton til ein nasjonalhelt. Den vitskaplege gruppa utførte omfattande geologiske, zoologiske og meteorologiske undersøkingar. Transportmiddelet til Shackleton, beståande av mandsjuriske ponniar, eit motorkjøretøy og hundesledar, var nyvinningar som trass i avgrensa suksess vart kopiert av Scott den lagnadstunge Terra Nova-ekspedisjonen hans tre år seinare.
Då ekspedisjonen vende heim, overvann Shackleton den tidlegare skepsisen frå Royal Geographical Society og mottok mange offentlege æresvisingar, inkludert riddarskap frå Kong Edward VII. Han oppnådde liten økonomisk gevinst frå denne ekspedisjonen, og var til slutt avhengig av eit offentleg tilskott for å kunne dekke forpliktingane sine.
Det gjekk ikkje meir enn tre år før den sørlege rekorden hans vart slått, då Roald Amundsen den 14. desember 1911 nådde Sørpolen. I memoara sine skreiv Amundsen likevel: «Sir Ernest Shackletons navn vil for alltid stå risset i den antarktiske forsknings historie med flammende bokstaver».[2]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Huntford s269
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Amundsen s486
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «n», men inkje samsvarande <references group="n"/>
-merke vart funne