Nina Hagen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 11. mars 1955 (69 år) Aust-Berlin |
Yrke | songar, filmskodespelar, låtskrivar, programleiar, stemmeskodespelar, plateartist |
Språk | tysk |
Medlem av | Nina Hagen Band, Automobil |
Religion | Hinduismen, Protestantisme |
Far | Hans Oliva-Hagen |
Mor | Eva-Maria Hagen |
Nettstad | https://ninahagendas.beepworld.de/ |
Nina Hagen på Commons |
Nina Hagen (fødd 11. mars 1955) er ein tysk songar.
Ho blei fødd som Catharina Hagen i Aust-Berlin. Faren Hans Hagen (Hans Oliva) var manusforfattar og mora Eva-Maria Hagen skodespelar og songar. Faren sin foreldre, begge jødar, var blitt drepne i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.
Foreldra skilde lag då Catharina Hagen var to år gammal, og ho såg faren berre sjeldan i oppveksten. Då ho var elleve gifta mora seg med Wolf Biermann, ein artist med opprørske idear som påverka henne. Som tolvåring blei ho utvist frå den offiselle sosialistiske ungdomsorganisasjonen Freie Deutsche Jugend, og blei i staden med på politiske protestar mot dei austtyske styresmaktene. Frå ho var seksten framførte Hagen musikk med fleire grupper.
Etter at Wolf Biermann blei nekta å koma inn i Aust-Tyskland igjen etter å ha vitja Vest i 1976 blei, flytta også kona og stedottera etter. Hagen vitja London og blei kjend med pønkarar som The Slits og Sex Pistols. Ho grunnla Nina Hagen Band i 1977, og debutalbumet deira frå 1978 fekk merksemd både i Aust-Tyskland og i utlandet. Gruppa hadde ein hardrockstil medan Hagen veksla mellom ein vakker operaaktig songstil og meir gjennomtrengande hyl.