Nina Sundbye

Nina Sundbye
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1944 (80 år)
Oslo
Yrke bilethoggar
Ektefelle Magne Amdahl

Nina Emilie Sundbye (fødd 4. august 1944) er ein norsk bilethoggar frå Oslo.[1]

Ho er utdanna 1962-65 ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, 1966-68 ved Statens kunstakademi der ho var elev av Per Palle Storm og 1968-70 ved Kungeliga Akademi för De Fria Konstnerna i Stockholm.[1]

Sundbye debuterte på Høstutstillingen i 1967.[1] Ho er mellom anna kjend for skulpturane sine av figurar frå teater og ballett, mellom desse karakterar henta frå Henrik Ibsen sine skodespel, og eventyrfigurar som «Tyrihans» og «Månrenen», den siste av Birgit Cullberg. I Oslo står statuar av Aasta Hansteen og Per Aabel som begge er utforma av Sundbye.

  1. 1,0 1,1 1,2 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NK

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne