Nintendo Entertainment Analysis and Development | |||
![]() | |||
Org.form | Avdeling i Nintendo | ||
---|---|---|---|
Bransje | Dataspel | ||
Skipa | september 1983 | ||
Nedlagd | 16. september 2015 | ||
Etterfylgjar(ar) | Nintendo Entertainment Planning & Development | ||
Eigar | Nintendo | ||
Morselskap | Nintendo | ||
Hovudkontor | ![]() | ||
Land | Japan | ||
Produkt | Ymse dataspel-titlar | ||
Grunnleggjar(ar) | Hiroshi Yamauchi | ||
Dagleg leiar | Shigeru Miyamoto |
Nintendo Entertainment Analysis and Development (EAD), tidlegare kjent som Research & Development Team 4[1], er den største avdelinga hjå Nintendo for utvikling av dataspel. Her jobbar kjende speldesignarar som Shigeru Miyamoto og Takashi Tezuka, og dei er krediterte i kvart spel gjeve ut frå EAD. Avdelinga er kjent for arbeidet sitt på Super Mario-, The Legend of Zelda-, F-Zero-, Star Fox- og Pikmin-serien.
I 2004 gjekk Nintendo gjennom ei omstrukturering, som innebar at Nintendo Research & Development 1 og Nintendo Research & Development 2 vart slådde saman med EAD.[1] Nintendo EAD sjølv er no delt i fem åtskilde lag som jobbar på ulike prosjekt.[2]