No Tell Lover Singel av Chicago | ||
B-side |
«Take a Chance» | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1978 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 3:48 (singel) | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Peter Cetera, Lee Loughnane, Danny Seraphine | |
Produsent | Phil Ramone & Chicago | |
Chicago-kronologi | ||
«Alive Again» (1978) |
No Tell Lover | «Gone Long Gone» (1979)
|
«No Tell Lover» er ein song skriven av Peter Cetera, Lee Loughnane og Danny Seraphine for gruppa Chicago og spelt inn for albumet deira Hot Streets (1978), med Cetera og Donnie Dacus på solovokal. Det var den andre singelen deira frå albumet og han nådde 14. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og femteplassen på adult contemporary-lista.[1]
Etter «No Tell Lover» klarte ikkje Chicago å få singlar inn på topp 50 i USA i nesten fire år. Dei klarte det til slutt med den store hitten «Hard to Say I'm Sorry» i 1982.