No koma Guds Englar med Helsning i Sky, Guds Fred og Velsigning dei bjoda. Elias Blix Nokre Salmar. / Andre og aukade Utgaava (1883) |
«No koma Guds englar» er ein norsk julesalme skriven av Elias Blix. Salmen vart utgjeven anonymt 1875 i salmeheftet Nokre Salmar, gamle og nye III. Dette var den første nynorsksalmen som vart sungen i ei offentleg gudsteneste. I denne salmen er hendingane julenatt flytt frå Betlehemsmarka til ei heimleg mørk og kald norsk vinternatt. Melodien som vert brukt til songen kjem frå Skottland og er omforma i ein folketone frå Vest-Agder. Salmen har i originalversjonen åtte vers.