«Nocturne» Song av Secret Garden | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk, engelsk | |
Utgjeve | 1995 | |
Innspelt | MajorStudio (Oslo), Reykjavík og Dublin (1995) | |
Sjanger | folkemusikk, keltisk musikk, new age-musikk | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | Mercury[1] | |
Komponist | Rolf Løvland | |
Tekstforfattar | Petter Skavlan | |
Låtskrivar(ar) | Rolf Løvland og Petter Skavlan |
---|
«Nocturne» er ein norsk song som vann Melodi Grand Prix 1995 og deretter Eurovision Song Contest same år. Songen er nesten heilt instrumental og har ei kort tekst på berre 24 ord. Melodien vart komponert av Rolf Løvland, medan Petter Skavlan skreiv teksta. Songen vart framført av duoen Secret Garden og fekk ein viss kommersiell suksess etter sigeren. I Noreg kom songen aldri inn på VG-lista, men gjorde suksess som ein del av albumet Songs from a Secret Garden som toppa VG-lista same året.