Nomade

Ung nomadekvinne utanfor familieteltet i Mauritania.
Foto: Ji-Elle

Nomade viser til folkegrupper som flyttar frå stad til stad, utan å ha ein einskild fast bustad. Omgrepet viser gjerne til folk som driv nomadisk husdyrhald, medan «reisande» kan visa til andre folk som stadig flyttar.

Nomadar kan ha vanskar med å tilpassa seg statsgrenser og privateige av land. Likevel finst det i det moderne samfunnet framleis nomadiske folkegrupper, til dømes aboriginar, beduinar, berbarar, tuaregar og samar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne