Nord-Asia eller Nordlege Asia er ein underregion av Asia. Han omfattar den asiatiske delen av Russland som ligg aust for Uralfjella: Ural, Sibir og Russisk Fjerne Austen. Ein kan også omtala området som asiatisk Russland, i motsetnad til europeisk Russland i vest. Nord-Asia har kyst mot Nordishavet i nord og Stillehavet i aust. Det grensar til Aust-Europa i vest, Sentral-Asia og Aust-Asia i sør og Nord-Amerika i aust over havet.
Området dekkjer eit areal på rundt 13 100 000 km² eller 8,8 % av landarealet på jorda. Det er 1,5 gonger større enn Brasil. Det er den største underregionen i Asia i flatevidd, men også den minste og tynnast folkesette. Folketalet er rundt 33 millionar, 0,74 % av folketalet i Asia.
Nord-Asia utgjer over 75 % av landmassen til Russland, men husar berre 22 % av innbyggjarane i landet. Folketettleiken er 2,5 folk per km².[1]