Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. (2025) |
Nord-Irland | |||
Northern Ireland Tuaisceart Éireann Norlin Airlan | |||
land | |||
Motto: Dieu et mon droit (britisk kongeleg motto; fransk, 'Gud og min rett') | |||
Nasjonalsong: God Save the King | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Irland | ||
Hovudstad | Belfast | ||
Areal | 14 130 km² | ||
Folketal | 1 852 168 (2015) | ||
Språk | engelsk, irsk, ulsterskotsk | ||
Monark | Charles III | ||
Tidssone | GMT | ||
Domene | .uk | ||
Nord-Irland 54°36′27″N 6°41′33″W / 54.6075°N 6.6925°W | |||
Kart som viser Nord-Irland.
| |||
Wikimedia Commons: Northern Ireland |
Nord-Irland[a] er ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland, og har eit stipulert folketal (2019) på tett oppunder 1,9 millionar.[2] I offisielle kjelder er Nord-Irland både omtala som ein "provins" og som ein "region".[3][4] Nord-Irland er den nordaustlege delen av øya Irland, og utgjer seks av dei ni grevskapa i det historiske Ulster, dei siste tre, Donegal, Cavan og Monaghan, ligg i Republikken Irland. Desse tre hadde alle klåre fleirtal av nasjonalistar, og vart (difor) ikkje inkludert I Nord-Irland. Nord-Irland vart soleis utforma slik at det utgjorde det største mogelege området med «sikkert» unionistisk fleirtal (om lag 2/3). Det nordlegaste punktet på øya ligg i Republikken Irland, ved Malin Head i grevskapet Donegal.
Den tettast folka delen av Nord-Irland, er stor-Belfast-regionen. I flatemål er Nord-Irland lite (13843 kvadratkilometer), til samanlikning har norske Rogaland fylkeskommune om lag 2/3 av flatemålet til Nord-Irland. Av det samla landarealet til det geografiske Irland, utgjer Nord-Irland om lag ein sjettedel. Provinsen er skild frå Skottland av "North Channel", på det trongaste er det berre 21 kilometer frå Nord-Irland til Skottland. I aust og sør-aust skil Irskesjøen Nord-Irland frå Wales og England.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne