Nord-Jarlsberg prosti

Horten kyrkjeKarljohansvern i Horten.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Nord-Jarlsberg prosti er eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Holmestrand og Horten.[1]

Prosten har sete i Horten kor Horten kyrkje er prostikyrkje.[2]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

  1. Nord-Jarlsberg prosti frå Den norske kyrkja
  2. Horten kyrkje[daud lenkje] frå Kyrkjesøk

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne