Nordvest-England | |||
region | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | England | ||
Adm.senter | Manchester / Liverpool | ||
Areal | 14 165 km² | ||
Folketal | 7 341 196 (2019)[1] | ||
Nordvest-England 54°04′30″N 2°45′00″W / 54.075°N 2.75°W | |||
Wikimedia Commons: North West England |
Nordvest-England (North West England) er ein av dei ni regionane i England. Han grensar til Irskehavet i vest og til fjellkjeda Penninane i aust. Regionen strekkjer seg frå grensa til Skottland i nord til dei walisiske fjella i sør. Det høgste punktet i North West England (og den høgste fjelltoppen i England) er Scafell Pike i Cumbria, med ei høgd på 978 m.
To store konurbasjonar kring byane Liverpool og Manchester dominerer den sørlege delen av regionen og er der det bur mest folk. I den nordlege delen, medrekna nordlege Lancashire og Cumbria, finn ein område med mindre folkesetnad.