Noregs dokumentarv er eit register over ein del av dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd. Registeret er ei nasjonal utgåve av UNESCO sitt Verdsminne-program (Memory of the World),[1] som skal bidrage til å verna og tilgjengeleggjere verda si dokumentarv og framstå som menneskja sitt kollektive minne.
Dokumenta er valde ut av den norske komiteen for verda si dokumentarv på grunnlag av nominasjonar i hovudsak frå arkiv, museum og bibliotek. Registeret vart opna 8. februar 2012 med eit innhald på seksti dokument og dokumentgrupper/arkivsamlinger. Det meste er tradisjonelle papirdokument, men registeret omfattar òg andre medium som runestein, fagforeiningsfane, filmnegativ, radioopptak og digitalfilm. Tidsspennet er på rundt tusen år.