Norn

Denne artikkelen handlar om språket. For skikkelsane frå norrøn tru, sjå norner.
Norn
Klassifisering: indoeuropeisk
 germansk
  nordisk
   vestnordisk
    norn
Bruk
Utdøydd: 1800-talet
Språkkodar
ISO 639-2: gem
ISO 639-3: nrn

Norn (ei samandraging av adjektivet «norrøn») er eit nordisk språk som vart tala på Shetland, Orknøyane og Hebridane[1] før skotsk byrja ta over på 1400-talet. Norn var til liks med islandsk og færøysk eit vestnorsk utflyttarspråk, utgått frå norrønt, og høyrer saman med islandsk, færøysk og norsk til dei vestnordiske språka. Det var i bruk av somme heilt fram til 1800-talet, og vi finn restar att i ordforråd og namn, men i dag er norn rekna som eit utdøydd språk.[1]

  1. 1,0 1,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet SNL

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne