Norske forsvarsministrar er ei oversikt over statsrådar som har vore sjef for Forsvarsdepartementet, vanlegvis kalla forsvarsminister. Den offisielle tittelen til forsvarsministeren er som for dei fleste regjeringsmedlemmene statsråd. Berre statsministeren og utanriksministeren vert offisielt titulerte minister.
Departement for Krigsadministrasjonen vart oppretta 30. november 1814. Etter kort tid vart dette den 31. mars 1815 delt i to: Armédepartementet og Marinedepartementet. Dei to departementa vart igjen samla i Forsvarsdepartementet 3. august 1885. Johan Sverdrup vart dermed den fyrste forsvarsministeren i Noreg, samtidig som han var statsminister.