Northampton | ||
---|---|---|
Foto: Chris Nyborg Foto: Chris Nyborg
| ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Konstituerande land | ![]() | |
Grevskap | Northamptonshire | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
80,76 km² | |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
205 200 2 540,9 /km² | |
Koordinatar | 52°14′14″N 0°53′46″W / 52.23722°N 0.89611°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | NN1-NN6 | |
Nettstad: www.northampton.gov.uk | ||
Northampton er ein stor kjøpstad og eit administrativt distrikt i England. Han er administrasjonssenter for Northamptonshire. Byen har like over 200 000 innbyggjarar. Northampton er det høgast folkesette distriktet i England som ikkje er ei sameint styresmakt.
Tradisjonelt har Northampton vore eit sentrum for produksjon av sko og andre lêrvarer. Det er lite igjen av dette, bortsett frå bygningane som kan sjåast langs bakgatene; små skofabrikkar med arbeidarbustader ved sida av. Det er no distribusjon og finans som er dei viktigaste næringsvegane. Blant selskap som har store anlegg i byen finn ein Barclaycard, Panasonic, Travis Perkins, Coca Cola, Schweppes Beverages Ltd og Carlsberg.
Folketalet auka kraftig etter 1960-åra, for det mest på grunn av planlagd ekspansjon styrt av Commission for New Towns. Faktorar som spelar inn er god jernbanesamband til London, og dessutan at motorvegen M1 som òg går mot London går rett ved. Både med bil og tog er det omkring halvannan times reiseveg til hovudstaden. Bustadprisane har òg spelt inn, sidan dei låg langt lågare enn i London, og enno held seg noko lågare.